1. mai
1 05 2008Årdal er Noregs (eller verdas, om du vil) største Arbeidarparti-kommune, og 77,5 prosent av stemmene ved lokalvalet i fjor gjekk til Ap. Arbeidarrørsla står dimed nokså sterkt i den ovlille bygda vår, og 1. mai-feiringa viser det rimeleg godt.

Som korpsmusikant er eg up and running ganske tidleg om morgonen både fyrste og syttande mai (trass i festinga kvelden før), og difor får eg sjølvsagt med meg det meste som skjer i løpet av dagen.
Klokka åtte om morgonen er det heising av det norske flagg utanfor rådhuset på Årdalstangen. Der spelar me flaggheis og nasjonalsongen, med dynamittsmell som dundrar fjellimellom som akkompagnement. Eg tvilar på at det er noko dei gjer mange stadar i landet; at ein mann med lisens til å leike dynamitt-Harry spring opp i fjellsida om morgonen for å fyre kinaputtar. Men gøy er det uansett - i alle fall for oss som allereie er vakne.
Før demonstrasjonstoget tek sats ned gjennom gatene, plar me fare rundt til gamleheimane og spele for den eldre garden i Årdal. Der spelar me alltid Internasjonalen til slutt, og opptil fleire gonger har me måtte be folk om å setje seg ned att, fordi dei reiser seg når arbeidarane sin kampsong skal spelast. I følgje Oddgeir, vår kjære dirigent, er dette noko som kun skjer i Årdal og Odda.
I demonstrasjonstoget stiller lag og organisasjonar opp med faner for å markere nasjonaldag #2. Og idet Årdalstangen Musikklag marsjerar nedover Tangavegen og tutar ut arbeidarsongar, står heile bygdas årdøler solidarisk oppstilte langs fortauet, klare til å gå ilag med oss ned til festplassen for å høyre talar frå politikarar med austlandsdialekt.
Den einaste skilnaden mellom 1. og 17. mai i Årdal er at på 1. mai feirar me oss sjølve, og på 17. mai feirar me den norske grunnlova. Og då er det jo ganske openbert at 1. mai-feiringa blir ein helsikes fest.
Det er jo klart at Hydro har hatt ein del å seie for innbyggjarane våre dei siste 60 åra, men no som Dooria og NorSun kjem, vil nok ikkje arbeidarstanden gjere anna enn å auke her i Årdal. Eg ser verkeleg fram til det lokalvalet der 99,98 prosent av stemmene går til Arbeidarpartiet, og den einaste som stemte noko anna er Høgre-naboen min.