Sommarmusikk

27 04 2008

Uviss på kva for musikk du skal høyre på i sommar? Lei av å høyre på gamle sommarhits for å få feriekjensla til å flyte i blodårene? Sjå her!

Artist: The Avalanches
Album: Since I Left You
Årstal: 2001
Sjanger: Electronica

The Avalanches driv med såkalla sampling, som tyder at ein tek gamle opptak frå tv, radio eller plater og set saman lydspora til ei låt. “Since I Left You” inneheld totalt godt over 1000 lydspor, som er samansett til ein utruleg harmonisk, sommarleg klang. Frontier Psychiatrist skal visstnok vere den mest kjende låta deira, men eg vel å promotere opningslåta og tittelsporet, som forøvrig har ein veldig søt musikkvideo:

Artist: Brooklyn Funk Essentials
Album: Watcha Playin’
Årstal: 2008
Sjanger: Funk

Brooklyn Funk Essentials er eit lite ensemble frå Brooklyn, New York (d’oh) som lagar funk (d’oh). Dei har no heldt på i 15 år og har vore innom område som balkan, syrejazz og trip-hop i løpet av dei åra. Dei er absolutt ikkje store, korkje her eller i USA (sjølv om dei har vorte nominerte til Grammy med plata “In the Buzzbag”) trur eg?). Dei brukar nokre heilt fantastisk diggbare rytmer, og det skal mykje krefter til for å ikkje danse til denne musikken.

Artist: Cornelius
Album: Point
Årstal: 2002
Sjanger: Indietronica

Keigo Oyamada er det opphavelege namnet hans, og då er han sjølvsagt frå Japan. Keigo brukar mykje koring à la Beach Boys, og som ein slags motsetnad har han ein del steinharde gitarsoloar/-riff innimellom. Sånn for å jamne ut ting litt. Ikkje sjå denne videoen om du har (tendensar til) epilepsi. Eg trur det kan vere farleg.

Artist: Gotan Project
Album: Lunático
Årstal: 2006
Sjanger: Tango

Sjølv om dette på aller høgaste plan er ekte argentinsk tango så held desse jäklarna til i Frankrike. Dei består hovudsakleg av tre musikarar - ein frå Argentina, ein frå Frankrike og ein frå Sveits. Og dei lagar heilt eineståande tango-musikk. Ikkje sånn keisam Middelhavs-gammaldans, men hipp og kul tango med nokre elektroniske innslag. Åh, hjartebank!

Artist: A Tribe Called Quest
Album: Midnight Marauders
Årstal: 1993
Sjanger: Hip-hop

SATAN! At det går an å lage så feit musikk. Lat meg få gjere ein ting klinkande klart: det er ikkje LOV å seie at ein ikkje likar rap/hip-hop før ein har høyrt “Midnight Marauders”. Eit av bandmedlemma er Q-Tip som blant anna er vokalist på Galvanize ilag med The Chemical Brothers. Så dette er ikkje kven som helst. Plata er riktignok frå nittitalet, men den er tidlaus, den er ein klassikar. Høyr/sjå Award Tour, og elsk kvart einaste sekund av han:


Handlinger

Informasjon

Ett svar to “Sommarmusikk”

28 04 2008
tanketom (11:40:40) :

Gode forslag, Merete. Trur absolutt eg må sjekke ut The Avalanches.. Forresten, dette er dn kulaste Cornelius-musikkvideoen. Låf.

Kommentér

Du kan bruke disse taggene : <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>