Piratar versus ninjaar
27 04 2008Den evinnelege diskusjonen om piratar kontra ninjaar herjar nettet verda over, og vil truleg gjere det i lang tid framover. Det er vel eigentleg ikkje nokon diskusjon, men meir ein slags runkekonkurranse. Om å gjere å tale sterkast for sin ståstad og “vinne” over motparten.

Sjølv er eg for piratar, fordi dei er konstant kanon (*ordspel-pling*), skrik og syng, pratar vanvittig kult (”Avast, ye salty sea dog!“), har apekattar og papegøyer med litt haltande taleeigenskapar, og kan reise på plyndringstokt for å tene til livets opphald (som for det meste går til rom).
Andreas, som er den eg vanlegvis debatterer dette emnet med, er for ninjaar. Han påstår blant anna at det er kult å vere ninja fordi dei må tilpasse seg miljøet rundt seg for å halde seg skjulte (“ninja” er japansk og er samansett av “nin” (”å halde ut”) og “ja” (”person”)), og han meiner det skal meir til for å bli ninja enn pirat.
Greitt, ein treng kanskje ikkje nokon opplæring i kampsport for å bli pirat, men ein treng ei helsikes solid lever om ein skal marinere organa sine i rom i fleire tiår. Dessutan krevst det mykje iver og pågangsmot for å jobbe seg opp frå å vere dekkreinhaldar til å bli kaptein.
Som ninja går du solo heile vegen etter at du er ferdig med “utdanninga”. Du må luske rundt i byane blant masse folk, og likevel halde deg anonym og ikkje røpe identiteten din. Eit nokså einsamt yrke, vil eg roleg meine. Ikkje kan dei drikke heller! Måtte gudane vite kva ein ninja ville gjort på fylla… Sjå for deg ein ninja på scena i ein karaokebar. Er ikkje heilt riktig, er det vel?
Tenk å kunne leve i eit reint anarki ilag med likesinna på eit skip fullt av mat, alkohol og gull heile livet! Den einaste ulempen med piratar som eg kan kome på er all valdtakinga - det er eg ikkje særleg fan av. Men sett vekk i frå det så kan eg verkeleg ikkje skjøne kvifor folk prefererer ninjaar…
Eg vil difor oppfordre alle lesarar av denne bloggposten om å dele deira ståstad i ein kommentar under, gjerne med eit par argument for/mot òg.
[...] er frekk og freidig i tastaturet sitt når ho går ut og erklærar sin kjærleik for piratar i ein bloggpost nyleg. Som dei fleste andre piratelskarar, tek ho grundig [...]