Kunnskapssviket #2

25 04 2008

Utdanningsdirektoratet slår til med endå ein knakande bra planlagd sesong, og viser verkeleg kor bra Kunnskapsløftet faktisk er!

Eg har tidlegare skrive eit blogginnleggBak Tastaturet om same tema, og for dei som er litt mindre oppdatert om saka, kan eg opplyse om at ingressen min er 100 % ironi.

Som dei fleste av dykk kanskje kjenner til, har eg tenkt å ta påbyggjing til generell studiekompetanse som privatist til neste år. Det inneber at eg må lese mykje på eiga hand, gjerne byrje litt på førehand, og helst vere i arbeid i tillegg då det kostar ein del peng å vere privatist. (Privatistar har inkje rettar som ein vanleg elev ved vgs. har - til dømes gratis bøker, gratis eksamen, lærarhjelp osb.)

For at eg skal kunne byrje med studiane - i alle fall bu meg til studiane - treng eg den offisielle læreplanen frå Utdanningsdirektoratet, MEN den er sjølvsagt ikkje ferdig endå. Reformen vart starta alt for to år sidan, og likevel er læreplanane våre uferdige. Det er ikkje anna enn frustrerande og veldig øydeleggjande for meg som i utgangspunktet hadde tenkt å starte tidleg med å lese.

Dei har riktignok lagt ut læreplanar for VG3 yrkesfagleg, men der har dei kun gjort greie for programfaget i dei ulike utdanningsprogramma. Og det hjelp meg ikkje så frykteleg mykje, i og med at det er det faget eg slit minst i akkurat no.

Pokker ta Utdanningsdirektoratet, seier eg! Eg har mest lyst til å banne og steike fordi eg er så ufatteleg sint på dei, men eg prøver å halde meg nokonlunde roleg på det området… Men faen i helvete! KAN DEI IKKJE GJERE JOBBEN SIN, DA?


Handlinger

Informasjon

3 svar to “Kunnskapssviket #2”

25 04 2008
tanketom (01:54:37) :

Gjere jobben sin? Ja, men.. Det ville jo ha vore effektivt! Nei, veit du kva.. Sosialdemokratiet er død! Lenge leve sosialdemokratiet!

25 04 2008
Trond (07:33:39) :

Sosialdemokratiet er ikke dødt, det sitter bare altfor mange folk og skal mene altfor mye om ting de egentlig ikke vet noen ting om

28 04 2008
Ingrid (12:40:31) :

Jeg gleder meg til eksamen i fransk som vi fortsatt ikke vet hvordan skal foregå, for den er heller ikke ferdig - og det er kun noen uker til. Spennende, spennende!

Kommentér

Du kan bruke disse taggene : <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>