Praksisperiode

15 04 2008

Dei tre siste vekene har me hatt praksisperiode, og eg har vore praktikant i ei veke hjå kultur- og reportasjeavdelinga i Dagbladet, Oslo (uttalast /’oʃlo/, TENK!), og to veker hjå Skrivargarden i Årdal.

I laupet av desse vekene har eg blant anna funne ut at eg er MYKJE meir motivert for arbeid enn skule, samt at eg har det veldig fint heime i Årdal. Skulearbeid og studium er ting eg kan putle med på fritida (slik eg til dømes gjer med islandsk og dialektlære). Difor har eg kome fram til at eg kjem til å klare meg utmerka som privatist til hausten.

Firma: Dagbladet
Stad: Oslo
Avdeling: Kultur og reportasje
Arbeidstider: Måndag-fredag, 09:00-16:30
Dagane gjekk mest til: Daudtid på kontoret.
Høgdepunkt: Omvising i Operaen.
Arbeid: Ein notis, ei spalte om Operaen og eit intervju med ein transkjønna diktar.

Fadderen min medan eg var i Dagbladet var Terje Mosnes, som er min yndlingsjournalist. Ein grei kar, eigentleg, men litt sjenert og tøffel-aktig, verka det som. Dei andre folka i avdelinga var forsåvidt greie òg, men generelt sett tenkjer dei veldig tabloid - til og med utanfor avisa. Elles var det mykje sosing på kontoret, med mindre eg var ute på oppdrag ilag med nokon andre.
Kjekt å bu på Bygdøy, da, sjølv om Oslo gjer meg surrete.

Firma: Skrivargarden
Stad: Årdal
Avdeling: Grafisk avdeling og trykkeri
Arbeidstider: Måndag-fredag, 08:00-15:30
Dagane gjekk mest til: Arbeid i InDesign.
Høgdepunkt: Få skryt av Roger.
Arbeid: Ein plakat, ei brosjyre og eit par trykkeoppdrag (konvoluttar, brevark osb.)

Menneska som jobbar i Skrivargarden (som forøvrig er ein gjeng på 6) er fantastiske å vere ilag med. Eg kan love dykk at å sitje i overetasjen med Roger, Joacim og Øyvind gjer ting med deg! Plutseleg byrjar du å prate bokmål med eit merkeleg tonefall…
Uansett er det grafisk arbeid og trykkeri eg kan tenkje meg å arbeide med i framtida, så Skrivargarden var eigentleg midt i blinken for meg. Score!


Handlinger

Informasjon

Kommentér

Du kan bruke disse taggene : <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>