Hovefestivalen 2008
10 03 2008I år, som i fjor, skal eg på Hovefestivalen, og “tradisjonen” med Camp Grasnautbataljonen skal vidareførast til årets festival. Med meg og Andreas i teten, har me tildelt kvarandre titlane “Storhovding Snikande Tekopp” og “Vetlehovding Googlande Brilleslange”, og det er absolutt ingen tvil om at Hove blir bra i år.

Ganske mange band og artistar er allereie stadfesta, og her er dei eg gledar meg til per dags dato:
Animal Collective, Babyshambles, Bloody Beetroots, Chrome Hoof, The Cool Kids, Deer Hunter, Dimmu Borgir, Familjen, Hellacopters, In Flames, Kim Hiorthøy, The National Bank, Slagsmålsklubben, The Wombats, Yeasayer.
Om du er ein av dei som ikkje vil reise på Hove, av ein eller annan merkeleg grunn, think again!
- Hove har eit stort fokus på miljø og resirkulering
- Hove har musikk av bortimot alle sjangrar, og ny musikk skadar aldri
- Hove serverer kun økologisk mat
- Hove er ei utruleg idyllisk øy med strender og skogområde
- Hove ligg berre ein båttur unna Arendal, som er ein veldig pen by
- Hove har eige bibliotek inne på festivalområdet
- Hove er eit godt høve til å treffe folk av alle moglege slag
Om du no har ombestemt deg og kunne tenkje deg å vere med i Grasnautbataljonen, gje meg eit lite hint and we’ll make it happen. Om du kjem gjennom gå-berrføtt-på-glødande-kol-testen, sjølvsagt.
Og berre så det er sagt, “gå-berrføtt-på-glødande-kol-testen” er berre edle Storhovding Snikande Tekopp sin del av prøven. Min test involverar lim, fjær, og pitbullar svoltne på kyllinglår.